Øystein Storeide

Kvinna bør vere som ei mild sjukesyster

Øystein Storeide

Øystein Storeide trekkjer fram Bibelen og predikant Ole Hallesby for å få ryggdekning for sitt syn. – Hallesby var ein åndeleg kanon, slår Storeide fast. FOTO: KNUT ARNE AARSET

– Tenk å kome heim til reine sagbruket, som hyler og kvin, og ropar «Lag maten din sjølv». Betre å vere ungkar.

Øystein Storeide frå Fiskå i Vanylven skal ikkje feire 8. mars.

– Nei, den dagen og kvinnesaka har ført til ulykke for folk og land, kvinner, menn og barn. Sosialistane har innført kvinnedagen for å bryte ned det gode og sunne i samfunnet, insisterer den seksti år gamle ungkaren.

Fanklubb på Facebook

Mange har merka seg namnet Øystein Storeide – ein av Sunnmøres ivrigaste innringjarar til avisene sine «opne linjer».

I førre veke skapte han furore etter ein telefon til «Åpen linje» i Sunnmørsposten. Storeide tok då til orde mot valet av kvinneleg prost, og avrunda innlegget sitt med å konstatere at slik moderne norske kvinner har blitt, er det best å vere ungkar – og ete boksmat.

Dette resulterte i nettdebatt, fanside på Facebook, og damer som lova å sende han boksmat i posten.

Følg smp.no på Facebook

Heime hos mor

Storeide

Rett som det er kastar Storeide seg over telefonen og gjev til kjenne klare meiningar i avisspaltene. Det har han ingen planar om å slutte med – 8. mars eller ikkje. FOTO: KNUT ARNE AARSET

– Å? Har eg fått fanklubb? Ha-ha-ha, ja, det er jo kjempegreier, det. Dette har eg ikkje registrert, for eg har verken Facebook eller datamaskin. Og mobiltelefonen bruker eg berre sporadisk – som walkie-talkie, seier Storeide. Ståande breibeint på kjøkkengolvet, casual kledd i vegvesenbukse med refleks.

Der heime på garden på Storeide i Vanylven har han budd saman med mor si heile livet. Faste forhold til damer eller ekteskap vart det aldri noko av.

– I ungdommen festa eg og gjekk på dans. Eg tenkte eg kanskje kunne finne ei god kvinne, men dei var jo berre ute etter forlystelse, seier Storeide, og legg til:

– Eg fann Herren då eg var 23 år. Og tenkte at sjansen for å finne ei verkeleg god kvinne var betre i kristne miljø. Og det er no vel kanskje ikkje for seint endå!

50-talet var toppen

Moderne, norske kvinner har han liten sans for:

– Dei er så bortskjemde! Dei kan kanskje trille ei barnevogn, taste på ein mobiltelefon og sjå inn i ein dataskjerm, – men det er knapt nokon som kan koke ei sosagryte lenger.

– Du verkar vel litt gammaldags, Storeide?

– Ja, visst er eg gammaldags! 1950-talet var beste tida Norge har hatt sidan vikingtida. Det var eit godt og varmt samfunn den tida, og kvinnene tok seg av familien. I Norge har vi mykje å lære av andre kulturar, men i Saudi-Arabia, til dømes, er ein jo for beinharde andre vegen.

Ungkaren ynskjer seg tilbake til ei tid då kjønnsrollemønsteret var rotfesta, kvinnene stelte heime, gutane hadde sløyd og jentene sying – og bilane var mykje, mykje tyngre på rattet.

– Då hadde kvinnene halde seg heime, og teke seg av mann og barn, filosoferer ungkaren.

Thailand

– I høve kvinnedagen lurer vi på kva som etter ditt syn er idealkvinna?

– Kvinna skal vere audmjuk og hjelpsam. Eg vart hjarteoperert for ei tid sidan, og sjukesystrene behandla meg som om eg var i paradis. Ja, slik bør kvinner vere, seier Storeide, før han gjev Sunnmørsposten ein passasje frå Efesarbrevet, der det går fram at kona skal rette seg etter mannen i alle ting.

– No har kvinnene vorte harde og storforlangande. Norske menn på jakt etter ei kone må til utlandet for å finne ei. Det er skammeleg, tordnar Storeide. Sjølv vurderer han ikkje å gå til eit slikt skritt.

Straffedomen

Igjen og igjen trekkjer han fram bibelord som støtte for sitt syn, fortel at han røysta Anders Langes parti allereie i 1973, karakteriserer teologen Hallesby som «ein åndeleg kanon», tordnar mot dobbeltmoralistar i KrF, mot toleransen overfor homofile – og han trekkjer parallellen til Romarrikets fall.

– No må Norge snu. Elles kjem straffedomen over landet!

Gjengitt fra Sunnmørsposten med tilatelse fra  Svein Nordal
No comments yet.

Leave a Reply

Powered by sweetCaptcha